Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel

 



[COPYRIGHT]
 

KAMPOPPSETT OG OVERNATTING

(5/26/2011 9:00:00 AM) | Skrive av: Svein Olav | 1463 visingar


 

Kampoppsett på nett på denne sida i veke 23.


 

Om alt går etter plan, vil kampoppsettet for Sognefjord Lerum Cup 2011vere klart og lagt ut på denne sida tidleg i veke 23.

Laga må vere førebudde på å stille til kamp frå fredag 24. klokka 08.00.

Alle skal spele to kampar på fredag. Ut frå det må nokon starte tidleg, medan andre kjem i gang litt ut på dagen. Kampoppsettet er datastyrt, og gjev av den grunn svært lite høve til tilpassingar. Nokre parameter er lagt inn for å gje turneringa eit sportsleg tilfredstillande preg.

Kvar deltakarane med A kort skal bu, vil og vere klart i veke 23. Dette kjem nokre dagar etter kampoppsetet. Vi prøver så langt det let seg gjere å imøtekome dei ynskja som er komne inn.

Vi klarar ikkje å innfri alle. Alle lag frå ein og same klubb vert plassert på same skule, om dei ikkje har bedt om noko anna.

Vel møtt til Sognefjord Lerum Cup 2011!



 

Print  

Lerum Cup, Postboks 164, 6851 Sogndal - Tlf: 91 10 90 90 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: soh@sogndalfotball.no | Admin