[COPYRIGHT]
ENDRINGAR I KAMPOPPSETTET
(6/9/2011 9:29:00 AM) | Skrive av: Svein Olav | 824 visingar
I klassane E7, E11 og G7, G11 er det i dag lagt ut endringar i nokre puljar.
Når kampoppsettet vår vart lagt ut på nett, var det nokre lagleiarar som fekk ein nedtur.
Laga deira var meldt på i feil klasse. Dermed vart det som skulle vera sommarens høgdepunkt,ei mare i staden.
Ut frå rådande omstende, fann vi det rett å gjere noko med deler avdette, då det let seg gjera utan at heile kampoppsettet vart råka.
Dette medførte at ein del av laga i klassane E7- E11 og G7 - G11, har fått nye puljar og dermed nytt kampprogram. Det nye programmet er det som no ligg ute.