[COPYRIGHT]
Meir info om turneringa direkte til din mobil?
(6/22/2011 11:00:00 AM) | Skrive av: Svein Olav | 857 visingar
Då er det lurt å nytte seg av denne tenesta.
Under årets tradisjonsrike turnering vil det vera mogleg å få relevant informasjon om
turneringa på telefonen. Det kan vera endringar i kampoppsett, endringar i bussoppsett, gode tilbod i Sogndalbui og andre hendingar.
Du vil òg få tilsendt ein link til Sognefjord Lerum Cup si heimeside, der ein kan sjekka turneringsreglement, dei siste resultata etc. For å få moglegheiten til dette, så sender du
LERUMCUP + e-postadressa di til 2229.
Tenesta er gratis, og har du ikkje e-postadresse, så skriv du kun LERUMCUP.