[COPYRIGHT]
261 lag - over 650 kampar
(6/4/2010 11:35:00 AM) | Skrive av: Svein Olav | 1254 visingar
Kampoppsettet er under utarbeiding. 261 lag deltek i året Sognefjord Lerum Cup
I helga startar vi med kampoppsettet til årets Sognefjord Lerum Cup.
261 lag har no stadfesta si deltaking i årets turnering. Dette medfører at vi skal avvikkle i overkant av 650 kampar frå vi startar fredag morgon klokka 08.00 til vi er ferdige omlag klokka 15.00 på søndag.
Går alt etter plan, skal kampoppsettet vere lagt ut på denne sida måndag 7. juni.
I slutten av same veke forventar vi å ha ein overnattingsplan klar for utsending til dei laga det gjeld.
Så langt er vi i rute og har ei grei oversikt over arrangementet seier turneringsleiar
Svein Olav Haugen.