Mode:  



 


Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel



[COPYRIGHT]
 

Sognefjord Lerum Cup DAG 2

(6/26/2010 9:36:00 AM) | 633 visingar


 

Det er laurdag og me er komne til dag 2 under Sognefjord Lerum Cup 2010 og sola har bestemt seg for å ta styringa på været. Dermed skulle alt ligga til rette for ein fantastisk dag for fotball.


 

Gårdagen gjekk fint sjølv om det var var nokre få regnbyger. Mange gode kampar med spel av høg kvalitet. Totalt er det 261 lag på turneringa og det skal avviklast om lag 650 kampar innan sundag kl. 16:00.

 

Denne helga har folketalet i Sogndal auka med om lag 10 000. Fredag kveld var det nattope i Sogndal og sentrum var full av folk. Mange aktivitear og gode tilbud til alle våre besøkande gjester. Det er knapt ein ledig kvadratmeter å sova på i indre sogn. Historien fortel at det kom tre turistar med fly til regionsenteret fredag og dei måtte overnatte på busstasjonen.


Dersom du lurer på korleis det går med nettopp ditt lag, kan du oppdatere deg på framsida vår.


Stao Pao.



 

  Comments


Sognefjord Lerum Cup, Postboks 164, 6851 Sogndal - Tlf: 91 10 90 90 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: soh@sogndalfotball.no | Admin