Mode:  



 


Du er her : Startside  »  Aktuelt  »  Artikkel



[COPYRIGHT]
 

TAKK FOR I ÅR

(6/30/2010 9:10:00 AM) | 317 visingar


 

Sognefjord Lerum Cup 2010 er no historie.


 

Sognefjord Lerum Cup 2010 har no gått inn i historia. Som du ser av denne sida var det ikkje mykje vi hadde å informere om. Dette skuldast ikkje at vi ikkje var på jobb, ei heller at det ikkje skjedde noko. Det var full fart heile dagane, med kampar frå morgon til kveld. Masse folk som kosa seg på og rundt banene. Bilete frå dette låg ute på sida her, det gjorde og resultata.

Alt gjekk etter programmet. Vi hadde ikkje hendingar som ga dei store overskriftene.

Tilbakemeldingane frå lege og Røde Kors var at vi hadde mindre skadar enn på lenge.

I eine leiren hadde vi ei lita virus sak med magevonde, denne fekk ikkje spreie seg og alle vart tekne godt i vare.

Tilbakemeldingane frå deltakarane så langt er mange og positive. Ein del innspel har vi fått og desse vil vi jobbe med. Vi kan diverre ikkje innfri på alle områder, men vi skal tøyge oss langt.

Det som står øverst på lista er 11ar forball for jenter 13 og 14 år.

Dette ser det no ut til at vi kan levere i 2011.

Vi vil takke alle som valde Sognefjord Lerum Cup 2010 til året happening. Vonar de som vi hadde det kjekt, og at det gav meirsmak. De er alle hjarteleg velkomne tilbake i 2011!

TAKK FOR I ÅR!



 

  Comments


Sognefjord Lerum Cup, Postboks 164, 6851 Sogndal - Tlf: 91 10 90 90 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: soh@sogndalfotball.no | Admin