Du er her : Startside  »  Praktisk info  »  Turneringsreglement

Håvard Flo

 

Reglement

 

Spelereglement

NFF sitt spelereglement vert nytta, med nokon tilpassingar for Sognefjord Cup. Desse, og i tillegg nokre spesifiseringar av NFF sitt reglement, vert presentert under.

 

For alle klassar gjeld:

- "Flygande innbyte” ved midtstreken
- Kamptida er sett til 2 x 20 minuttar. På Hafslo vert tida styrt frå sekretariatet, med felles start og     stopp. På dei andre arenaene vert kamptida styrt av dommar.

 

- I klassane smågutt/ småjenter (E,F,G,H) vert det nytta raude og gule kort etter NFF sine reglar. Kun ved direkte raudt kort, eller utvisning etter to gule kort i same kamp, skal spelar sone i påfølgande kamp. Er utvisninga av særlig grov art vert det opp til juryen og avgjere om det skal sonast fleire kampar, og eventuelt sendast rapport til Fotballkretsen. Dette gjeld også for bortviste trenarar og leiarar. Laget pliktar å påse at karantene sonast i samsvar med reglementet. Vert ikkje karantener overholdt vert det opp til juryen og sanksjonere laget, og kan ende med bortvising av heile laget frå turneringa.

 

- I klassane lillegutt/lillejenter skal domaren rettleie, eventuelt kontakte lagleiar for å få spelaren ut av bana om forholdet er graverande nok.

 

- Laga skal vere klare til kamp ved bana dei skal spele på seinast 10 minuttar før kampstart. Lag som ikkje møter til kampstart utan spesiell årsak, vil tape kampen 3 – 0. Dersom eit lag ikkje møter opp til fleire kampar, vil det verte ei oppgåve for juryen å sanksjonere laget.

 

- Alle spelarar skal ha band, som viser at dei er speleberettiga. Har ein ikkje dette vert ein høflig vist bort frå bana.

 

For klassar som spelar 7-arfotball

- Alle indirekte frispark vert erstatta av direkte frispark
- Dersom keeperen frigir ballen ved å kaste/skyte han over midtstreken, vil motstandaren verte tildelt frispark v/ midtstreken der ballen kryssa han. (Det er viktig å klargjere denne regelen for keeper på førehand.) Denne regelen gjeld både når ballen har vore bak mållina og er død, men også når keeper fangar ballen i spelets gang. 

 

Småjenteklassane

- Ballen skal kastast ut frå keeper både ved målkast og ved frigjering av ballen etter redning når ballen har vore i spel.

 

Kampreglement utover spelereglane

Avvikling av spel i klassane E, F, G og H

 

Rangering etter gruppespel

Etter innleiande spel vert laga i dei ulike gruppene rangert etter:
1. Poeng
2. Målforskjell
3. Innbyrdes oppgjer
4. Loddtrekning

 

Sluttspel

Sluttspelet vert arrangert etter cup-system. Dersom det vert uavgjort resultat vert laga rangert etter:
1. Flest hjørnespark
2. Loddtrekning

 

Spelarar, protestar og jury

 

Kven kan delta?

Ein spelar kan delta for klubben sin etter NFF sitt reglement og aldersbestemmingar. Det kan nyttast eit uavgrensa tal på spelarar pr. lag i turneringa, men ein kan maksimalt nytte 16 spelarar pr. kamp. Ein spelar kan berre spele for eitt lag under turneringa.

 

Protestar

Dersom ein ynskjer å protestere, skal protest leverast skriftleg av lagleiar sinast 30 minuttar etter at kampen er ferdigspelt. Avgjerda til juryen kan ikkje ankast.

 

Jury

Torsdag kveld etter innsjekking vert det arrangert lagleiarmøte. Her vert det m.a. valgt to jurymedlemmar frå dei deltakande laga. Kampleiar frå arrangøren vert tredje medlem og juryformann.


Sognefjord Lerum Cup, Postboks 164, 6851 Sogndal - Tlf: 91 10 90 90 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: soh@sogndalfotball.no | Admin