Du er her : Startside  »  Lerum Cup  »  Historie

Historie - ei grasbaneturnering veks frem.

Cupeventyret i Indre Sogn starta i 1989. På Hafslo vart det konkurrert i klassane A, B, C og D, jenter og gutar 11 og 12 år. 28 lag deltok og arrangørklubben var frekke nok til å vinne både klasse A og B. Lasse Opseth var primus motor og Bergens Tidende var hovudsponsor og turneringa bar namnet Sognefjord BT Cup.
 
Sidan har klassane E, F, G og H kome til i hovudturneringa. I år 2000 utvida vi turneringa med ei ny helg for årgangane 15-19 år. Det vart vanskelig å plassere denne helga inn i terminlista og andre aktivitetar. 2005 vart foreløbig det siste året for dsse klassane.I 2011 opna vi for både 7ar og 11ar fotball i klassane for jenter og gutar 13 og 14 år.
 
Lerum kom med som hovudsamarbeids-partner då den verkelege satsinga starta i 1994. Først vart turneringa kalla Sognefjord Pepsi Cup (då Lerum i denne perioden tappa all brus for Pepsi i Norge), frå 1998 fekk turneringa namnet Sognefjord Lerum Cup. Frå 2012 har turneringa fått namnet Lerum Cup.
 
I dag - over 20 år etter starten - er Lerum Cup med sine tett på 300 lag, og omlag 4500 deltakarar ein av dei større fotballturnerigane i landet i desse årslassane.

Du finn oversyn over dei tidlegare vinnarane ved å følge menypunkta til venstre.

 


Lerum Cup, Postboks 164, 6851 Sogndal - Tlf: 91 10 90 90 - Fax: 57 62 90 01 - E-post: soh@sogndalfotball.no | Admin